onsdag 19. november 2008

Er islam todelt?

Islam er ein av dei største religionane i verda. Religionen baserar sin tro på profeten Mohammed si lære, som han forkynte fra år 610 e.v.t. Muhammed er regna som den mest sentrale personen i islam. I løpet av livet sitt og gjerningane han gjorde ein forpliktande modell for muslimane. Sia den gong har det utvikla seg fleire greiner av religionen, blant dei er Sunni og Sjia dei største. Dei vart danna som ei konsekvens av splittelsa som oppstod etter Muhammed sin død. Svigerfaren til Muhammed, Abu Bakr tok tittelen Kalif, som betyr stedsfortredar. Den sedvanen som vart brukt når ein blir leiar for muslimane blir kalt for sunna. Den gjekk ut på at leiaren måtte komme frå den viktigaste gruppa i Islam, som på den tida var Quarysh- klanen som Abu Bakr kom ifrå. Mohammed sin fetter og svigerson Ali og hans tilhengarar var imot sedvanen som skaffa Abu Bakr status som kalif og ville istaden for at Alis nære slekskap til Muhammed skulle gjere han til leiar. Dette skapte eit skilje mellom sunni og sjia. Vidare i historia blei forholdet mellom desse to gruppane muslimar berre større sia dei ikkje blei einige i kven som skulle bli leiar. Den dag i dag er det fortsatt skilnad på sjia og sunnimuslimar, men kva er eigentleg skilnaden og kor stor er den?

Verda har gått vidare sia Mohammed var i Mekka og spredte sine åpenbaringar på 600- tallet. Sjølv om det er over 1300 år sia Ali og Abu Bakr starta splittinga mellom Sjia og Sunni- retninga, er det fortsatt i dag forskjell på desse to retningane. Sjiamuslimane meiner at Ali og etterkommerane hans er dei rettmessige herskerane i Islam, og dei hevdar Mohammed utnemde Ali som sin etterføljar. Detta er sunnimuslimane ueinige i. Sunniislam er i dag bygd opp av fire ulike Madhaber. ”Ein Madhab er i Islam ein Lovskole i studie av fiqh” (http://no.wikipedia.org/wiki/Madhab 23. aug 2008 kl. 17:51.) Fiqh er ein vitenskap frå Islam som praktiseras i fleire rettskoler.- Mens sunnimuslimane sjølv kan velje kva for ein Madhab dei vil følje, må sunnimuslimane følje ein og samme Madhab som heiter Jafari.